Arnafjord bygdeutval 2007-2008
Sogn Avis skriv i dag om fangsten av ei lange på 22,5 kg i Arnafjorden ved Hustavnes. Det var ein tysk turist på ferie på Otterskred som fekk denne storfangsten.
--> Lenkje til artikkelen i Sogn Avis
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
| Endeleg er det nye skiltet til vegvesenet komme opp som viser vegen ut til fjorden frå Vik. Ikkje at det var fint med det gamle òg som viste vegen til Framfjorden, men no er heile fjorden med. |
![]() |
Også i 2008 blir det Finnafjorden Blues. Festivalen blir gjennomført 25. og 6. juli.
Meir informasjon på vevstaden til arrangementet
--> www.finnafjorden-blues.no
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
Butikken treng bygda og omvendt
Det var eit godt og konstruktivt folkemøte som Per Spillum frå MERKUR heldt i ungdomshuset i Framfjorden den 24. april 2008. Temaet var nærbutikken og bygdeutvikling. Dei om lag 20 som møtte fram fekk fyrst høyre eit lite føredrag, så blei det diskusjon med kaffi og god kake.
Ein av konklusjonane var at butikken treng bygda og omvendt. Skulle butikken måtte leggjast ned ville bygda miste ein viktig samlingsplass og ville generelt bli mindre attraktivt.
Berre det å handle bite litt meir eller bruke andre tenester i butikken, t.d. tipping, kan samla gje butikken ein mykje betre økonomie og sikkre så butikken sin plass i bygda.
Når bygdafolket gjev tilbakemelding til butikken, kan butikken gje enda betre tilbod tilpassa behovet i bygda.
--> Vevstaden til Fjordabui
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
Arnafjord bygdeutval hat fått tildelt midlar til gatelys på Dale og eit busskur i Framforden frå Gjensidigefondet.
Karen 09.03.2008Frå veke 8 er det nye opningstider i Fjorden Nærbutikk. Dette er naudsynt i samband med det nye tilbodet om Norsk Tipping. Butikken vil m.a. vere open på onsdagane om vinteren også.
Dei nye opningstidene frå 18.02.08:
Måndag: 14.30 - 16.30
Tysdag: 10.00 - 17.00
Onsdag: 15.00 - 17.00
Torsdag: 10.00 - 17.00
Fredag: 14.30 - 17.00
Laurdag: 11.00 - 15.00
Velkomen på Fjordabui!
--> www.arnafjord.info/fjordabui
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
På andre juledag er det tradisjon med gudsteneste i Arnafjord kyrkje, så også i år. Etter eit par dagar med julefeiring i heimen har vi godt av å koma oss ut frå eimen av ribbe og marsipan og heller få åndeleg påfyll t.d. i kyrkja. Som sokneprest Ragnhild Stranden sa i preika er julefeiringa ei tid som forsterkar kjenslene våre, -gode som mindre gode. Uansett er song og musikk godt for alle. Andredagsgudstenesta i Arnafjord byr etterkvart på eit rikt innhald med fleire tilreisande artistar, forutan prest og klokkar. Jon Sunde sine stødige tonar på fiolin set oss i stemning, og saman med dei svært så unge fiolinistane Åsa og Ivar Brekke blir dette ei musikalsk oppleving. Arnafjord songlag med Jens Brekke er gode kyrkjesongarar som i år vart stødde av Gunn Karin Aase si sikre røyst. Dei som ikkje var til stades og fekk oppleva henne framføra "O Helga Natt" med Håvard Skaadel på orgel må møta fram neste år. Vi gler oss alt til neste jul!
Nils 26.12.2007| Valsvik skule og barnehage har fått nye vevsider med informasjon for foreldre, elevar, lærarar og andre interesserte. |
![]() |
--> http://www.valsvik.skule.no/
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
| Laurdag 20.10.2007 hadde Hesjastauren 4H haustfest. Dette er avslutninga på 4H året. Dette året har det vore 13 medlemar i Hesjastauren 4H, som alle stilte ut sine prosjekt som dei har arbeidd med gjennom året. Til å vurdera prosjekta kom Knut Bøyum frå fylkesstyret og Marta Finden Halset. Me hadde litt program som underhaldning før Knut Bøyum delte ut merkje for godkjende prosjekt. Alle prosjekta vart godkjende. |
![]() Utstillingane på haustfesten imponerte |
| 22. - 28. hadde Arnafjord besøk av Høgskulen i Bergen som brukte garden på Haugen og skule/barnehage i samband med eit prosjekt for førskulelæarar. Gruppa på om lag 25 overnatta i ungdomshuset på Nese. |
![]() Elevane på Haugen |
--> Les rapporten høgskulen laga om opphaldet
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
Fjorden Nærbutikk AS har 4 aksjar til sal.
Prisen per aksje er 2000,- kr.
Interesserte kan henvende seg til
Brita Sofie Engum, Tel. 57 69 61 97
eller
Svanhild Fretheim, Tel. 57 69 62 85
| Turid og Ingebrigt Findebotten har no opna det nye gjestehuset sitt i Finnabotnen. I samband med dette har dei eit hausttilbod som gjeld frå 10. oktober fram til nyttår. |
![]() Finnabotnen (Foto: www.findebotten.no) |
--> Les meir...
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
Friluftsgudsteneste på Rundøyri
| Arnafjord sokneråd arrangerte preik i Guds frie natur sundag 10. juni, i godt samarbeid med presten vår Ole Agnar, soknediakon Gerd og dagens organist Inger Marit. Godt frammøte i eit fantastik fint ver! Med god lyd og innhaldsrik tekst og song var dette ei fin stund omkransa av vakker natur. Arnafjord songlag kasta glans over arrangementet med sin vakre song. Etter preika vart det servert framifrå god betasuppe med påfylgjande kaffi og kaker. Dei minste bada og dei andre hadde ei fin stund i lag på Rundøyri. Dette var siste ordinære gudsteneste i Arnafjord for Gerd som skal pensjonera seg og for Ole Agnar som no er ferdig med vikariatet. Han held fram som prest i Feios og Fresvik etter ferien. Arnafjord sokn vil få takka begge to hjarteleg for godt utført arbeid og gode minne frå deira relativt korte tid i soknet vårt! |
![]() Foto: Karen Weichert |
| Andre pinsedag inviterte Arnafjord songlag til Melodi Grand Trad (Trad = Tradisjonell musikk) på Valsvik skule. Arrangementet var del av Gamalostfestivalen i Vik. Hovudgjesten som både song, spelte piano og fortalde var Ingvild Bryn, også kjent frå dagsnytt og moderasjon av Melodi Grand Prix (1996). Det var fult hus i gymsalen og dei om lag 120 tilskodarane fekk sjå og høyre eit variert program. Mot svolt og tyst blei det servert kaffi og kaker i pausen. Før arrangementet tok til kl. 16 var det oppvarming på skuleplassen med Dixielanders frå Vik, som kom attende med fleire flotte jazz-nummer i løpet av ettermiddagen. Programmet i salen byrja med ein allsong som passa godt til det frodige fjordlandskapet utanfor dørene – 'No livnar det i lundar'. Og meir fin allsong blei det utover i programmet: 'Å nei eg høyrer lerka', 'Og vesle lerka', 'Den fyrste song' og 'Menuett i mai'. I anledning at det er 150 år sidan Per Sivle blei født, var det naturleg å ta med Sivle-sangar. Dessutan framførte Nils Bryn vossastubben 'Ei feit steik'. Men det var også ein del nyare musikk. Arnafjord songlag framførte m. a. 'Veronica' av Cornelis Vreeswijk i lag med Ingvild Bryn. Ingvild og Mari Bryn song 'Blåklokkevikua', 'Ved Rondane' og 'Vi vandrar saman' (av Olav Stedje) i duett og imponerte med sine gode songstemmer. Mellom songane intervjua Jens Brekke Ingvild Bryn om ulike tema, til dømes arbeidet hennar i NRK, det å ha eit ansikt som alle kjenner, det å vere nynorskbrukar i Oslo og Melodi Grand Prix. Til slutt blei det blomar og stor applaus for alle aktørar. Eit verkeleg flott arrangement! |
![]() Ingvild og Nils Bryn (Foto: Karen Weichert) |
Flott revy i ungdomshuset på Nese
| Gummiservice, delt kontor og mobbing i barnehagen er berre nokre av dei tema som Fresvik teatergruppe tok opp i revyen sin som dei framførte i Arnafjord førre laurdag. Mellom sketsjane blei det musikalske innslag frå Rolf Arne Olsen, som er ein av hovuddrivkreftene bak revyen, og det blei fortald vitsar om landlivet og anna. Publikumet i storesalen til ungdomshuset på Nese likte godt det dei såg, og det blei stor applaus då siste nummeret, ein sang om festivalen i Fresvik, var ferdig. Etterpå blei salen rydda og Rolf Arne Olsen spelte opp til dans. Dansen gjekk til langt ut på natta og runda av arrangementet som på alle måtar var vellukka. Det er om lag 13 år sidan det sist blei framført skodespel på scena i ungdomshuset. Den gongen spelte Arnafjord ungdomslag stykket "Når kjærleiken brenn". Kanskje tida er moden for å prøve seg på eit nytt skodespel igjen? |
![]() ein glimt frå sluttnummeret (Foto: Karen Weichert) |
--> Sjå fleire bilete frå revyen på arnafjord-ungdomslag.org
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
Det har i det siste vore ein del snakk i media om det digitale bakkenettet for fjernsyn som skal komma innan utgangen av 2009.
Den 12.03.2007 høyrde eg at NRK Sogn og Fjordane skulle ha dette oppe som tema i føremiddagssendinga same dag. Der ville Jørgen Thaule frå Norgestelevisjon vera og fortelja om dette, og folk som var interesserte i dette kunne koma med spørsmål.
Då eg høyrde dette sende eg inn ein SMS med spørsmål om korleis Arnafjorden ville få nytte av dette. Spørsmålet mitt kom med i sendinga og på dette svara Thaule: ”Norgestelevisjon har fått konsesjon på å byggja ut digitalt bakkenett til 95% av befolkninga i Noreg. I Sogn og Fjordane vil det digitale nettet bli opna i november dette året. Dette nettet vil dekka mesteparten av fylket og Arnafjorden vil og bli dekka.”
I ettertid var det ein del diskusjonar i m.a. Sogn Avis der somme meinte at dekningskarta til Norgestelevisjon ikkje var rett. Då eg såg dette sjekka eg karta på internett og såg der at berre litt av området her var teikna inn med dekning, og at dette var mellom Framfjorden og Indrefjorden.
Då ringde eg til Norgestelevisjon for å høyra korleis dette kunne hengja i hop. Der fekk eg til svar at dekningskarta ikkje var oppdaterte og rette sidan utbygginga ikkje er ferdig. Dei sa også at dei nye digitale signala vil vera mykje meir stabile enn dei analoge som er i dag.
Dette er det eg har fått vita til no, og med desse opplysningane ser det ut til at me vil få digitalt fjernsyn også her.
--> vevstaden til Norgestelevisjon
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
I samband med lanseringa til vevstaden arnafjord.info disponerer vi no gratis e-postadresser etter mønsteret dittnamn@arnafjord.info.
Dei som har e-postadresse frå før kan få ei slik e-postadresse til vidaresending, dvs. at adressa kan bli brukt til å ta imot e-post. All e-posten til denne adressa vil då bli sendt vidare til din vanleg e-postadresse.
Dei som ikkje har e-post i dag eller ynskjer ein e-postkonto i tillegg, kan få eit med dittnamn@arnafjord.info og kan då både sende og ta imot e-post med denne adressa.
Interessert? Ta kontakt med Karen (mobil: 90534102).
Slutten av mars fekk dei fyrste innbyggjarane i Arnafjord ADSL i huset. Breiband fungerer også for dei i fjorden med størst avstand frå telefonsentralen, på Dale, men med redusert fart på linja.
Dessverre er det ikkje høve til breidband ennå i Finden og i Finnabotn, fordi det manglar noko i sambandet mellom dei og telefonsentralen på Nese. Vi får håpe at det blir funne ei løysing ikkje alt for langt fram i tid.
Årets juletrefest blei heldt 29. desember i ungdomshuset på Nese. Om lag 50 frammøtte barn og vaksne hadde ein triveleg ettermiddag med sang, teaterførestillingar, kake, smørebrød, kaffi & saft og gange rund juletreet. Til og med nissen dukka opp. Arrangøren Arnafjord ungdomslag var svært nøgde med festen.
Sjå bilete frå festen på vevsida til ungdomslaget
--> www.arnafjord-ungdomslag.org
(Denne lenkja går kanskje ut av vevområdet til arnafjord.info)
Avskjed med presten Helge Helgesen
| Julegudstenesta på andre juledag blei siste gudstenesta held av Helge Helgesen i Vik kommune. Prestefamilien flytta til Stavanger i romjula. I kyrkja kunne kyrkjelyden oppleve eit mangfoldig programm. Ved sidan av Arnafjord songlag var Jon Sunde, Åsa Brekke (begge Violin) og Gunn Karin Åse (sopran) med og sørgde for fin julemusikk og sang. Prosten Geir Sørebø var med i preiken. Etterpå var det kyrkjekaffi med mange taler og god mat. Soknerådet ga uttrykk for at Arnafjord Sokn set stor pris på tida Helgesen var prest i Vik. Prosten hevde fram Tone Helgesen som også hadde bidrege sitt til ei vellukka tid som prestefamilie. Kyrkjekaffien blei avrunda av fleire musikalske innlegg. |
![]() Helge og Tone Helgesen framføre Arnafjord kyrkje (Foto: Karen Weichert) |