Arnafjord songlag
Arnafjord songlag blei starta 23.9.1975 av organist Knut Djupdal. Leiar for musikkskulen, Ivar Andresen, var neste dirigent. Etter han kom Ragnar Alrek og var her knapt eit år. I 'mellomromma' steppa Jens Brekke inn. Odd-Roger Haugen var nestemann i dirigentrekka, og han hadde lengste tida hittil. Etter han hadde Lars Bakketeig leiinga. Ei tid var koret "ute av drift", men stabla ni medlemmer på beina i 1998, då Jens Brekke sa seg viljug til å dirigere oss. Medlemstalet har i desse åra variert frå 24 til 11.
Desse siste åra har vi vorte eit kor som deltek i nesten alt som går føre seg her ute i fjorden, frå kyrkjelege aktivitetar til 17. mai, 'syng med oss', butikk-kor, bryllaup, gravferder, etc. Me er også inne på VBS og andre arrangement rundt i kommunen.
Text: Magnild Hauglum (styreleiar)