Arnafjord bibliotek
I 1996 flytta Arnafjord Folkebibliotek inn i skulen. Ein lærarbustad i andre etasje blei omdisponert til det som no er Arnafjord Bibliotek, eit samlokalisert skule- og folkebibliotek.
Biblioteket driv og ”Bok i Butikk”, ei avdeling i kafeen på ”Fjordabui”, den lokale butikken. Dette kom i stand som eit forsøk på å få bøkene ut der folket er.
Skulen / biblioteket har godt samarbeid med Vik Folkebibliotek både når det gjeld bøker og video. Haust og vår vitjar Bokbåten oss med god tilgang på ekstra bøker, lydbøker, kunnskap og kultur - viktige besøk både for skule og barnehage.
Kontakt:
Eldri Kyrkjeeide Nesbø, tel. 57696320
Arnafjord bibliotek