Valsvik skule
Valsvik skule er ein u-delt skule med 10 elevar i 1.-7.kl.. Han blei bygt i 1962 for å ta fire klassar, 1.-6.kl. + 7.kl. av ungdomstrinnet. Elevtalet har variert frå vel femti til seks. Frå 1997 har skulen vore rein barneskule. Bygningen er romsleg med tre klasserom, gymnastikksal, skulekjøkken og kontoravdeling for personalet.
I tida 1995 til 2000 var skulen trua nedlegging p.g.a. elevtalet. Men unge familiar har etablert seg. Dette har ført til jamn tilgang på elevar. Slik utviklinga har vore siste åra, vil skulen om nokre få år bli to-delt.
Faste aktivitetar er uteskule, bading, skulemåltid (kaldt eller varmt) ein dag i veka, planarbeid.
Utearealet har siste åra vorte opparbeidd frå ei asfaltplate til eit triveleg område med ballbinge, grønt, blomstrar og leikeplassar. Arbeidet er gjort på foreldredugnad.
Kontakt:
Tlf. 57696320