www.arnafjord.info Fjordabui

OM OSS - PUB & CAFÉ - MATLEVERING - BOK I BUTIKK - SYKKELUTLEIGE - BADEPLASS - HER FINN DU OSS

Fjordabui har:
  • Daglegvarer med ferske brød kvar dag
  • Lokal produserte varer
  • Medisinutsal
  • Norsk Tipping
  • Fiskeutstyr
  • Badeutstyr
  • Husflid og gåveartiklar
  • Turkart for Vik
Opningstider

Ved endringar er det alltid oppslag på butikken.
Sommar Vinter
Måndag 10.00 - 17.00 15.00 - 17.00
Tysdag 10.00 - 17.00
Onsdag 15.00 - 17.00
Torsdag 10.00 - 17.00
Fredag 15.00 - 17.00
Laurdag 10.00 - 15.00 11.00 - 15.00
bilete av butikken

Butikken sender ut ein tilbodslapp på e-post kvar veke. Ta kontakt på e-post dersom du ynskjer å abonnere på han.
Tenesta er gratis.

Om oss

Etter at Vik S-lag hadde bestemt seg for å leggja ned filialen i Framfjorden blei det skipa til folkemøtet i Arnafjord 2. desember 1999. Bydafolket vedtok at dei ville starta eigen butikk. Etter ei dør-til-dør-runde med aksjetinging blei det skipingsmøte 20. januar 2000. To dagar seinare, 22. januar, opna Fjorden Nærbutikk A/S dørene. Lokalet var det same som før, men eigarane var nye. Arnafjord hadde fått folkebutikk.

Etter kvart viste det seg at butikklokalet ikkje held mål, og idéen om å flytte butikken inn i ungdomshuset i Framfjorden blei til. Den 3. oktober 2001 starta ombyggingsarbeidet i ungdomshuset, og 23. mars 2002, vel fem månader seinare, flytta butikken inn.

Opp igjen

Pub & Café

I butikken er det Mini-kafé der ein kan få varme drikkar. På utvalde datoar arrangerer Fjordabui pubkveldar. Kveldane blir anonserte på førehand. Butikken har veranda mot fjorden, der ein kan sitje ute om sommaren. Caféen i butikken kan leigast for møte og private arrangement. Ta kontakt med dagleg leiar.

Matlevering

Fjordabui kan levere mat for ulike anledningar. Ta kontakt med dagleg leiar for meir informasjon.

Bok i butikk

Butikken har ei avdeling der ein kan låne bøker og filmar på DVD eller video frå Arnafjord Bibliotek.

Sykkelutleige

Fjordabui leigar ut syklar. Ta kontakt med dagleg leiar for prisar og meir informasjon.

Opp igjen

Badeplassen

Rett nedanfor Fjordabui på Rundøyri er det ein fin badeplass som er godt eigna for familiar med ungar. Attmed er det også leikeplass og fotballbane. Butikken disponerar offentleg toalett.

Her finn du oss

Butikken ligg i Framfjorden i Arnafjord, om lag 20 km vestover frå Vik sentrum. Det er gode parkeringstilhøve ved butikken.

bilete av caféen bok i butikk bilete av badeplassen
Pub og café på Fjordabui Bok i butikk På Fjordabui
Opp igjen

post'kryllalfa'sprak-og-data.com


Fjorden Nærbutikk 2007-2008 - Design: Karen Weichert språk- og datatenester