Kvernhuset på Tenne
Kvernhuset står i dag på same plassen der det var eit kvernhus for kring 100 år sidan, i den typiske byggestilen på denne tida. Laftearbeidet blei utført av Oddvar Grønsberg. Det er tjære på utsida. Kvernsteinane er henta frå ein plass lengre nede mot fjorden der det også var kvernhus. Dei opphavlege steinane som høyrde til her var øydelagde.
I byrjinga av 1900-talet var det truleg 4 kvernhus på Tenne, berre nokre få 10 m frå kvarandre. Folk var avhengig av dei, fordi ein ikkje kunne kjøpe mjøl. Heime på gardane blei det meste av jord brukt til kornåkrar, mens graset blei slege på små teigar rundt omkring i utmarka, t.d. på Beitelen eller på Eitrastrondi.
Text: KW, Kjelde: Olav E. Nese
Kvernhuset på Tenne