Le
Arnafjord har fleire høgdegardar, med og utan bilveg fram. Dei mest kjende er Heimre og Ytre Le (eller Lee som det vart skrive til nyleg). Desse gardane er framleis i drift og representerer eit kulturlandskap forma av gamle driftsmåtar.
Terrenget er dels svært bratt og ueigna for traktor og andre landbruksmaskiner. Det er gjennomført fleire arkeologiske undersøkjingar på Le som vitnar om busetnad med åkerbruk fleire tusen år tilbake. På byrjinga av 1900-talet var her 4 bruk i drift og omlag 30 personar fastbuande. Ein periode var her gruvedrift (talkum) med taubane ned til mylla ved fjorden.
Til Le kjem du med bil frå Dale i Framfjorden, eller til fots den same vegen. Fantastisk utsikt mot fjellet og utover Arnafjorden.
Tekst: Nils Kvamme
Høgdegarden Heimre Le