Velkomen til Arnafjord i Vik i Sogn

FRAMSIDE

OM ARNAFJORD
VERDT Å SJÅ
AKTIVITETAR
KVA SKJER?
LAG OG ORGANISASJONAR
KOMMUNALE INSTITUSJONAR
NÆRINGSLIV
OVERNATTING
LENKJER
FOTOGALLERI
MELDINGAR FRÅ BYGDA
 

Arnafjord bygdeutval 2007-2010

Page in english          Seite auf deutsch          kart          gjestebok          imprint / kontakt

Arnafjord kyrkje

Den truleg fyrste kyrkja i Arnafjord var ei stavkyrkje på Flæte i Framfjorden, bygd på 1100-talet. Denne blei reven, og det blei bygd ny kyrkje på Nese om lag 1645. På slutten av 1800-talet var "Gamle-kyrkja" i dårleg stand og hadde etter gjeldande lov for få sitjeplassar. I 1880 blei ho erstatta med dagens kyrkje, som står på same plassen. Det blei brukt mykje av materialet frå Gamle-kyrkja. Altertavla, malt av E. Nilsen, er frå 1907 og symboliserer Jesu dåp.

Arnafjord sokn omfattar i dag Arnafjorden og Finnafjorden. Det er gudsteneste om lag ein gong i månaden. Mellom sokna i kommunen er Arnafjord det som har størst frammøte ved kyrkjelege handlingar i høve til innbyggjartalet.

Text: Karen Weichert

Kjelde:
Arnafjord kyrkje 100 år. Utg. av Arnafjord sokneråd i 1980.
grafik/kyrkja.jpg
Arnafjord kyrkje
tilbake til oversikta

Utforming av vevstaden: Karen Weichert språk- og datatenester