Velkomen til Arnafjord i Vik i Sogn

FRAMSIDE

OM ARNAFJORD
VERDT Å SJÅ
AKTIVITETAR
KVA SKJER?
LAG OG ORGANISASJONAR
KOMMUNALE INSTITUSJONAR
NÆRINGSLIV
OVERNATTING
LENKJER
FOTOGALLERI
MELDINGAR FRÅ BYGDA
 

Arnafjord bygdeutval 2007-2010

Page in english          Seite auf deutsch          kart          gjestebok          imprint / kontakt

Vatnane

Til Vatnane kjem du ved å halda fram forbi Fosseset, eller ved å gå frå Nese og om stølen Rosete. Ein særs fin dagstur er å gå frå Nese til Rosete, vidare til Vatnane og ned på Tenne.

Vatnane er ein fjellstøl som vart nytta midt på sommaren så lenge det var beite og nokolunde ver. Forbruket av ved til ostekoking var stort og all veden blei frakta opp med hest frå skogen som ikkje gjekk så høgt som i dag. Ost og mjølk vart teke i retur ned til heimegarden.

Vatnane har fleire stølshus som er dels modernisert. Eitt av dei tener som turisthytte og er opent for alle.

Namnet Vatnane kjem av "landet kring vatni". På veg til Vatnane frå Fosseset kryssar du utløpet av det største av Vatnavatni.

Tekst: Nils Kvamme
grafik/vatnane.jpg
Vatnane mai 2007
tilbake til oversikta

Utforming av vevstaden: Karen Weichert språk- og datatenester