Fossesete
Dette er ein liastøl som vart brukt om våren/sommaren før buskapen vart ført vidare (derav bu-føring) til ein fjellstøl, og om hausten på veg tilbake frå fjellstølen.
Fossesete har i dag eitt stølhus eller sel som det heiter. Namnet kjem av nærleiken til Breifossa, ein karakteristisk foss som i regn og snøsmelting kan vera både brei og stor.
Til Fosseset går du på ein eller to timar frå grustaket på Tenne. Orienter deg på kartet.
Tekst: Nils Kvamme
Fossesete