Arnafjord bygdeutval 2007-2010
Omlag 20 km vestover frå Vik sentrum ligg Arnafjord, ein av Sognefjorden sine mange sidearmar. Bilturen frå Vikøyri utover langs «storfjorden» og inn Arnafjorden byr på eineståande utsikt mot fjordlandskapet. Her får du verkeleg inntrykk av Sognefjorden i all sin velde. Og straks du rundar det karakteristiske Eitreneset inn i Arnafjorden er det vakker natur som omkransar ein idyllisk fjord. På veg langs fjorden er det frodige fjellsider og mange urørde fossefall som imponerer.
Busetnaden i Arnafjord er spreidd utover fleire mindre bygder. Den fyrste på vegen frå Vik er Framfjorden, eit sentrum med skule og butikk. Dette er ei grøderik jordbruksbygd med fleire høgdegardar, den mest kjende er Le som ligg på ei fjellhylle 300 m over havet. Bilveg fram og vel verdt eit besøk. Ei tid var Framfjorden ein viktig industristad med den største verksemda i kommunen. I dalføret sør for sentrum vart det vunne ut talkum frå gruver djupt inne i fjellet, og denne vart foredla på mølla ved fjorden. Det voks fram eit arbeidarmiljø som delvis pregar bygningsmiljøet i bygda. Butikken har godt utval i daglegvarer og har noko lokalt handverk. Grøntområdet, idrettsbana og badeplassen ved butikken er svært populære om sommaren. Fin utsikt og kort veg til butikken i eit barnevenleg område.
Eit par kilometer sør for Framfjorden, gjennom eit trongt dalføre, ligg den velstelte grenda Dale, med veg vidare til høgdegarden Le. Dette er ein særs fin spasertur då det er mykje fint å sjå langs vegen. Før Dale går det bratt veg opp til høgre til garden Hellane. På Dale og Le finn ein framleis tydelege spor etter gruvedrifta.
Vegen vidare langs fjorden går gjennom Indrefjorden. Sideveg opp til venstre til gardane Hallsete og Åse, med eit aktivt jordbruksland og formidabel utsikt mot høgfjellet. Kvar sommar tek bøndene her kyrne sine opp den bratte stølsvegen til rike fjellbeite. Turen er bratt og lang og ein av dei finaste til og frå Stølsheimen.
Frå Indrefjorden går vegen til Tenne, eit vakkert og særmerkt område med mange fossar i fritt fall ned den bratte fjellsida. Tidlegare stølsområde, no kulturmark, grustak og landbasert settefiskanlegg. Populær stølsveg til turisthytta på stølen Vatnane og innfallsport til Stølsheimen. På Tenne kan ein overnatta i telt, hytte eller bubil.
Enno går vegen omlag 3 km vidare til jordbruksbygda Nese. Dette var tidlegare sentrum for bygdene i Arnafjord med post, butikk og dampskipskai. Her ligg kyrkja for soknet. Vegen endar på kaien der du framleis finn kulturlandskapet etter den tida då fjorden var vegen og båten det einaste framkomstmiddelet. Ungdomshuset frå 1920 er eit syn verdt. I 1811 gjekk det eit større jord- og steinras som utsletta store deler av busetnaden på Nese, den til no største raskatastrofa i landet der 45 menneske omkom.
Utetter vestsida av fjorden ligg grenda Otterskred, veglaust men med aktivt jordbruk og moderne utleigehytter.
Arnafjord er kjendt for sine mange stølar og er difor ein av dei viktigaste innfallsportane til Stølsheimen. For omlag 100 år sidan var stølsdrift ein viktig del av jordbruket. Gardane ved fjorden utvikla eit system for utnytting av beiteressursane i fjellet, til produksjon av mjølk og som beite for alle husdyra. Mjølka vart foredla på stølen av budeiene. Produkta var som regel gamalost og ulike typer surmjølk. Stølsdrift var eit hardt arbeid. Berre det å koma seg fram til stølen var ein heil jobb! I dag står nokre av bygningane att og syner litt av korleis livet på stølen var. Arnafjord har mange fine stølsvegar fram til godt vedlikehaldne stølshus.
Text: Nils Kvamme

Arnafjorden mot Sognefjorden
med Nese til venstre

Framfjorden, sett frå utsiktispunketet på Le

Den eine av to gardar på Le

Buføring frå Halsete til Halsetdalen

Nese sett frå Nistad